Barne- og ungdomsarbeidarar

Gulen kommune Dalsøyra , Gulen , Vestland , Dalsbygda 54 , 5960 Dalsøyra , Gulen , Vestland , Hovden 41 , 5960 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-27
Publisert:
2026-08-06

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Om stillingane 

Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre?

I Gulen kommune har vi barnehagar kor omsorg, leik, læring og gode relasjonar står i sentrum. No søkjer vi engasjerte og varme barne- og ungdomsarbeidarar som ynskjer å vere med og gi barna ein trygg start, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter i kvardagen. Hjå oss får du bruke kompetansen din i eit inkluderande arbeidsmiljø, kor samarbeid, nærvær og barnets beste er viktige verdiar. 

Me lyser etter fylgjande, for tida ved eining Dalsøyra barnehage og skule

  • 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, frå 01.10.2026. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Dalsøyra barnehage
  • I inntil 100% vikariat barne- og ungdomsarbeidar, frå snarast/etter avtale til medio august 2027. Kan verte moglegheit for noko forlenging av vikariatet. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Hovden barnehage

Barnehagane i Gulen tilbyr
  • Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett
  • Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket
  • Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen
  • Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
  • Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
  • Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev, kan andre søkjarar verte vurderte for mellombels tilsetjing
  • Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg 
  • Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag 
  • Grunnleggjande digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling


Personlege eigenskapar 
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
  • Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar
  • Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
  • Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Løn etter tariff 

Datakilde: Data hentet fra NAV