Sjukepleiar, i inntil 100% fast med bonusordning

Gulen kommune Dalsøyra , Gulen , Vestland , Gulafjordvegen 1519 , 5960 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-07-08

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ein kombinasjon av kort- og langvakter i vekedagane, samt langvakter kvar 4. helg. Det er lagt opp til fleire "rause" friperiodar i turnusen til denne stillinga, pr. i dag. 

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 

Me tilbyr: 

  • Bonusordning på 100 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i denne stillinga. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
  • Løn over tariff for sjukepleiarar i turnus
  • Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsoppgåver 
  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
  • Andre oppgåver som måtte kome til

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg


Kvalifikasjonskrav 
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Datakilde: Data hentet fra NAV