Helsefagarbeidar
Om stillingen
Ved Allmenpsykiatri Sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi fra d.d. ledig fast, 70% stilling som helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. helg.
Andre stillingsprosentar kan verte ledige ved intern omrokkering.
Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrringar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltak
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrer
- Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til fagleg utvikling av sjukehuspsykiatrien
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Ønskeleg med relevant erfaring i psykisk helsearbeid eller rus.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig
- Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre
- Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
- Du bidreg til godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, 70106510, [email protected]
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5167840150
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2026