Helsefagarbeidar 80 % fast stilling
Om stillingen
Ynskjer du å bidra til å fremje tryggleik for personar i omsorgssenter? Vi søkjer etter ein engasjert helsefagarbeidar i 80 % fast stilling til Herøy omsorgssenter, langtidsavdeling. Stillinga har for tida langvakter på 12,5 timar i turnus kvar 4.helg og er organisert i tredelt turnus.
Herøy omsorgssenter og er lokalisert på Eggesbønes og består for tida av tre seksjonar:
- seksjon raud: somatisk sjukeheimseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassar
- seksjon grøn: somatisk sjukeheimsseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassar
- seksjon blå: seksjon for personar med demens
Frå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon.
Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre.
Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.
Den nye seksjonen vil ha ansvar for:
- 30 langtidsplassar
- heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til bebuarane
- tverrfagleg samarbeid og fagutvikling
- god ressursutnytting og effektiv drift
- eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane
Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.
Stillingane er ledig frå 30. november 2026, med moglegheit til tidlegare oppstart dersom ønskeleg.
Arbeidsoppgåver
- individtilpassa pleie - og omsorgsoppgåver til bebuar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering og miljøarbeid)
- utarbeide og følgje opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
- god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4).
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- har fokus på heilskaplege pasientforløp
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
- fagdag i turnus
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5090548968
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 16.09.2026