Sekretær
Om stillingen
Nordfjord BUP har ledig vikariat i 100% stilling som sekretær i perioden 01.12.2026 til 31.12.2027.
Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er organisert i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Kvar seksjon har sin eigen sekretær.
Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000.
Sekretæren har tett kontakt med pasientar, behandlarar og samarbeidspartnarar, og er ein viktig bidragsytar til god dagleg drift.
Det er og eit tett samarbeid med dei andre sekretærane og konsulentane i avdelinga, Saman har de ansvar for å løyse dei merkantile arbeidsoppgåvene på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Ta godt imot pasientar, pårørande og andre besøkande ved BUP
- Planleggje og administrere timeavtalar og samarbeidsmøte
- Samarbeide tett med kollegaer på tvers av seksjonane
- Følge opp rapportering og kontorfaglege oppgåver knytt til Nordfjord BUP
Kvalifikasjonar
- Merkantil eller kontorfagleg utdanning er ønskjeleg
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, er ein føresetnad
- God systemforståing
- GodE IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du evner å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
- Du kommuniserar og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollagaer
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Det vert lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordninger
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Varierte arbeidsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Toril Taklo, Avdelingssjef, 578 64 350Mary Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350
Arbeidssted
Sjukehusvegen 76770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5171659605
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 10.09.2026