Psykolog

Sted
Nordfjordeid, Stad
Stillingstype
Engasjement / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-10 · Omtrent 2 uker igjen
Publisert
2026-08-27

Om stillingen

Nordfjord BUP har ledig 100 % engasjement som psykolog i inntil  3 år, med mulighet for fast tilsetting. 

Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er delt i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000.

Poliklinikken har 14 medarbeidarar i faggruppene overlege/LIS, psykologspesialistar/psykolog, sosionom/barnevernpedagog, pedagog, psykiatrisk sjukepleiar og miljøterapeut. Dei fleste er spesialistar i sitt fagfelt. Vi arbeider tverrfagleg i team.

I tillegg har vi administrasjonskonsulent og sekretær, ein prosjektleiar for prosjektet integrerte tenester TAKT, og eit FACT Ung-team i samarbeid med Stad kommune.

Vi legg stor vekt på godt samarbeid med førstelinja for å sikre at barn, unge og familiar får rett hjelp på rett nivå til rett tid. 

Nordfjord BUP sitt motto er: Vi utviklar oss i samspel heile livet!

Vi søkjer ein medarbeider som er interessert i å jobbe med barn, unge og familiar, og som likar å samarbeide med  andre for å få bidra til gode endringssprosessar.
Vi ser særleg etter detg som ønskjer å arbeide i FACT Ung-teamet

Vi oppmodar menn til å søkje.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Jobbe etter FACT Ung modellen
  • Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologlisens
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er avgjerande for god pasienthandsaming.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • God system- og rolleforståing

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å møte og kommunisere med barn, unge og foreldre slik at dei kjenner seg sett og forstått
  • Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte slik at vi kan gjere kvarandre betre
  • Fagleg nysgjerrigheit, engasjement, kreativitet og fleksibilitet i møte med arbeidsoppgåver
  • Like varierte utfordringar, og må trivast i eit aktivt og travelt miljø 

Vi tilbyr

  • Mange spennande arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt tverrfagleg fellesskap med høg kompetanse, som er ope for nye tankar/idear og alltid søkjer etter fornying og forbetring 
  • God fagleg vidareutvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mary Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350

Arbeidssted

Sjukehusvegen 7
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5171643818
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.08.2029
Søknadsfrist: 10.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen