Sjukepleiar 2 x 100 % stilling ved Ørskog heimeteneste

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune Ørskog , Ålesund , Møre og Romsdal , Steinholtvegen 6 , 6240 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-06-05

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

I distriktet Ørskog, har vi ledig  2 x 100 % faste stillingar som sjukepleiarar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar.

Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter.  Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.

Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport
ved kontorbasen.

Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.

Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
  • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
  • Legemiddelhåndtering, medisinsk behandling og oppfølging
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
  • Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
  • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktøra
  • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • 3.års sjukepleiestudentar kan søke, men med forbehold om godkjent autorisasjon
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Førerkort klasse B
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)

    Personlege eigenskapar

    • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
    • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
    • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
    • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
    • Nytenkande og endringsvillig
    • Personlege eigenskaper blir vektlagt

    Vi tilbyr

    • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
    • Et støttende og engasjert kollegialt miljø
    • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov
    • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
    • Pensjonsordning i henhold til tariff
    • Bedriftshelsetjeneste
    • IA bedrift

    Kontaktinformasjon

    Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, [email protected]
    Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, [email protected]

    Arbeidsstad

    Steinholtvegen 6
    6240 Ørskog

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ålesund kommune

    Referansenr.: 5137256265
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 16.08.2026

    Datakilde: Data hentet fra NAV