Sjukepleiar i Heimetenesta Skodje - 100 % stilling

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune Skodje , Ålesund , Møre og Romsdal , Ådalsbakken 6 , 6260 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-08-07

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

I distriktet Skodje, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Tiltreding frå snarast. Verksemda har midlertidig økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar

Heimetenesta yt tenester til pasientar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad, dette inkluderer Ådalen Allé 6, som er omsorgsbustadar med heildøgns omsorg. Det er stor variasjon i pasientgruppa, frå relativt friske pasientar, til alvorleg sjuke pasientar som krev høg fagleg kompetanse. Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester til pasientar i deira eige og trygge miljø. Heimetenseta nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.

Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsbustadar, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og kjøkken.

Det blir nytta kommunale bilar i tenesta. Desse er stasjonert i eigen carport ved kontorbasen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og meir urbane strøk. I nærområdet kan ein finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og kjøpesenter like i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.

Lokalmiljøet i Skodje er godt tilrettelagt for alle aldrar. Der er barne- og ungdomsskular, fleire barnehagar, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor, korps osv. 


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
  • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
  • Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfylgjing
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
  • Bidra til godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
  • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar
  • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • 3.års sjukepleiarstudentar kan søkje, men vert tilsett med atterhald om godkjent autorisasjon
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Førarkort klasse B
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgjevar i god tid før oppstart i jobben.
  • Den som skal tilsetjast må stadfeste sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Krav om at personleg bankid eller idporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)

    Personlege eigenskapar

    • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
    • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
    • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
    • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
    • Nytenkjande og endringsvillig
    • Personlege eigenskaper blir vektlagt

    Vi tilbyr

    • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
    • Eit støttende og engasjert kollegialt miljø
    • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov
    • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
    • Pensjonsordning i forhold til tariff
    • Bedriftshelsetjeneste
    • IA bedrift

    Kontaktinformasjon

    Kristin Beate Osvoll Skodjevåg, Konstituert avdelingsleder, 91810445, [email protected]
    Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 90684106, [email protected]

    Arbeidsstad

    Ådalsbakken 6
    6260 Skodje

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ålesund kommune

    Referansenr.: 5161076504
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 23.08.2026

    Datakilde: Data hentet fra NAV