Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar ved heimesjukepleia i Lom
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Vil du vere med og gjere ein forskjell -- kvar dag?I heimesjukepleia i Lom kommune er ingen dagar heilt like. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Søknadsfrist: 16.08.2026
Nå har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Hjå oss blir du del av eit inkluderande fagmiljø med engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av tenestene og er opptekne av å utvikle gode og heilskaplege helse- og omsorgstenester.
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine-
Gi pleie, behandling og oppfølging til brukarar i eigen heim.
-
Bidra til at brukarane opplever trygge, heilskaplege og gode tenester.
-
Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre faggrupper.
-
Dokumentere og planleggje arbeidet i Profil og Mobil Omsorg.
-
Ta i bruk og bidra til vidare utvikling av velferdsteknologiske løysingar.
-
Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid og vere med på å utvikle tenesta.
-
Er autorisert helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
-
Er trygg, fleksibel og tek ansvar.
-
Likar å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
-
Er løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag.
-
Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer.
-
Er fagleg engasjert og ynskjer å utvikle både deg sjølv og tenesta.
-
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
-
Offentleg godkjent helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
-
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
-
Førarkort klasse B.
-
Gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.
Kvifor velje oss?Hjå oss får du meir enn ein jobb -- du blir del av eit fagmiljø der vi tek vare på kvarandre og jobbar saman for å gi innbyggjarane best mogleg tenester.
Vi tilbyr:
-
100 % fast stilling med oppstart etter avtale.
-
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
-
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
-
Fagmøtetid i turnus.
-
Tett samarbeid på tvers av fagområde og tenester.
-
Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Lom kommune.
-
Turnus med dag-, kveld- og nattevakter, og for tida arbeid kvar tredje helg.
-
Løn etter avtale og gode kommunale tilsetjingsvilkår.
Andre opplysningar
Ved interne opprykk kan det bli ledige stillingar i andre stillingsbrøkar. Tilsetting til desse kan bli gjort blant søkjarane til denne utlysinga.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg i samsvar med gjeldande regelverk.
Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetting.