Vil du skape gode matopplevingar for bebuarar og brukarar ved Lom helseheim?

Lom Kommune Sentraladministrasjon , LOM , Innlandet Lom, Innlandet Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-06-30

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Likar du å lage god mat og bidra til gode måltidsopplevingar for andre? Vi søkjer ein engasjert og dyktig kokk til kjøkenet ved Lom helseheim.

Frå 01.10.2026 har vi ledig 60 % fast stilling som kokk m/fagbrev. Stillinga inneber dagarbeid og arbeid kvar 4. helg.

Hva vi ser etter

Vi søkjer deg som:

  • har fagbrev som kokk. Relevant erfaring og kompetanse kan bli vurdert

  • har interesse for matlaging og gjerne erfaring frå storkjøkken, institusjon eller liknande

  • samarbeider godt med andre, men også kan arbeide sjølvstendig

  • er fleksibel og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

  • er initiativrik, engasjert og ser moglegheiter

  • er serviceinnstilt og oppteken av gode brukaropplevingar

  • har godt humør og evne til å skape gode relasjonar

  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

  • har grunnleggjande datakunnskapar

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Arbeidsoppgaver
  • Tilberede næringsrike og gode måltid til ulike brukargrupper

  • Bidra til gode matopplevingar og tilpassing av måltid etter behov

  • Delta i kantine- og cateringverksemd

  • Andre oppgåver knytt til kjøkendrifta

Vi tilbyr
  • Ein spennande og triveleg arbeidsplass med stort fag- og brukarfokus

  • Ein jobb der du får bidra til gode opplevingar for ulike brukargrupper

  • Stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar

Datakilde: Data hentet fra NAV