Ung i Helse - Helgestilling v/Sveio omsorgssenter

Sveio kommune Sveio , Vestland , Løkjavegen 35 , 5550 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-28
Publisert:
2026-08-04

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Om stillinga

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar, i tillegg til kjøkkendrift og reinhald/vaskeri. Me har gode erfaringar med Ung i Helse, både i ferieavvikling og i faste helgestillingar. Difor ønskjer me deg med på laget for å bidra til gode tenester gjennom heile året.

Arbeidstida vil vere frå kl. 08.00 til kl. 13.00, og stillinga gjeld annakvar helg.

Arbeidet vil ikkje omfatte stell av pasientar, men oppgåver knytte til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.


Arbeidsoppgåver

Oppgåver knytt til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid. 


Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innan omsorg, td at du går på helsefagleg linje på vidaregåande
  • Andre med interesse for området kan også søkja
  • Du må vera mellom 16 og 18 år
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som blir tilsett i helse- og omsorgsteneste (arbeidsgjevar hjelper med dette) 

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Lojal, punktleg og pliktoppfyllande
  • Fokus på kvalitet i tenesta
  • Fleksibel og løysningsorientert 

Vi tilbyr
  • Arbeidserfaring
  • Løn iht til gjeldande avtaler

Datakilde: Data hentet fra NAV