Støttekontakt

Sveio kommune Sveio , Vestland , Åsvegen , 5550 Engasjement / Deltid
Søknadsfrist:
2027-06-18
Publisert:
2026-06-18

Om stillingen

Om stillinga

Sveio kommune har behov for støttekontakt til personar med psykisk utviklingshemming i ulik aldersgruppe. Me søkjer nå særskilt etter deg som har lyst å være støttekontakt for barn, ungdom og vaksne. Me oppfordrar spesielt menn til å søkje på stillinga som støttekontakt. Søknad kan leggjast inn kontinuerleg.

Støttekontaktar hjelper personer som har behov for  sosial støtte i og utanfor heimen. Normalt er eit oppdrag på 12-16 timar pr. månad, fortrinnsvis utført på ettermiddag. Oppdragsavtalen vert fornya årleg. 


Arbeidsoppgåver

Å vere støttekontakt innebærer at du besøker brukar heime, eller drar ut på aktivitater som er tilpasse brukars funksjonsnivå. Dette kan vere kino, kafébesøk, bading i symjehall, gå ein tur, handarbeid, samtalar eller andre aktivitetar.

Støttekontaktar hjelper personer som treng å bli tryggare på seg sjølv og som treng hjelp til å takle ulike livssituasjonar. Ein støttekontakt kan også bidra til at ein person kan klare å omgås andre mennesker i større grad.

Du bør ha fylt 18 år. Det vil være ein fordel om du kan disponere bil for å kunne dra ut på aktivitetar.
Brukar dekker eventuelle kostnadar til aktivitetar.


Kvalifikasjonar

Du treng ingen særskilte formelle kvaifikasjonar for å vera støttekontakt. 


Personlege eigenskapar
  • du må vere ein trygg og god omsorgsperson 
  • du må vere glad i å vere saman med andre mennesker
  • du må kunne setje grenser 
  • du må tilpasse deg ulike situasjoner og personer
  • du må  ha god norsk munnleg framstillingsevne

    Det er krav om politiattest i henhald til lovverk


Vi tilbyr
  • kjøregodtgjerelse etter statlege sats
  • godgjering og utgiftsdekning etter kommunal sats

Datakilde: Data hentet fra NAV