Vikariat 75% stilling på Dagsenteret

Sveio
Vikariat / Deltid
Søknadsfrist:
2026-09-14
Publisert:
2026-08-18

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Om stillinga

Dagsenteret er eit tilbod til eldre som bur heime i Sveio kommune. Her får brukarane vere med på aktivitetar, sosialt fellesskap og gode opplevingar i kvardagen. Tilbodet er viktig for å skape ein meiningsfull kvardag og førebyggje einsemd.

Dagsenteret held til på Sveio omsorgssenter og er ein del av heimetenesta i Sveio kommune.

Vi har no ledig eit vikariat på om lag eitt år, med oppstart 26.11.2026.


Arbeidsoppgåver
  • Bidra til å videreutvikle Dagsenteret sånn at brukarane ivaretar eigne ressurser og opplever meistring 
  • Ansvar for å gje eit tilbod som skapar sosial samhandling for brukarane på Dagavdelinga og avdelingane på Sveio omsorgssenter
  • Planleggje drifta av Dagsenteret, lage aktivitetsplan, samt gjennomføring av aktivitetar 
  • Oppfølging av frivillige 
  • Pådrivar, kreativ og evne til å kunne aktiviteter tilpassa brukarane 
  • Samarbeide med brukarane, pårørende, frivillige, Tenestekontor, Heimesjukepleie og kollegaer 
  • Dokumentasjon i EPJ systemet 

Kvalifikasjonar
  • Helsefagarbeidar/aktivitør 
  • Ønskjeleg med erfaring innan arbeid på Dagsenter, men andre kan og søkje
  • Gyldig Politiattest 

Personlege eigenskapar
  • God på å byggje relasjonar i møte med og mellom mennesker 
  • Trives med å arbeide sjølstendig og i team 
  • Har endringsvilje og er fleksibel 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Positiv innstilling og godt humør 
  • Kreativ og løsningsorientert 

Vi tilbyr
  • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap 
  • Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle 
  • Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk, samt gode pensjons- og forsikringsordningar

Datakilde: NAV Arbeidsplassen