Fagansvarleg rekneskap og løn

Sveio
Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-10
Publisert:
2026-08-21

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Om stillinga

Vil du vere med og sikre gode og framtidsretta rekneskaps- og lønstenester i Sveio kommune?

Sveio kommune søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert fagansvarleg innan rekneskap og løn. Vi ser etter deg som ønskjer ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, kontroll og vidareutvikling av kommunen sine rekneskaps- og lønsprosessar.

Som fagansvarleg får du eit overordna fagleg og operativt ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn. Du vil vere med på å sikre god kvalitet i tenestene, vidareutvikle arbeidsprosessar og bidra til effektiv drift. Stillinga rapportere til økonomisjef.

 

Kvifor arbeide hos oss?

Hos oss får du ei viktig rolle i ein kommune der du kan vere med på å påverke, forbetre og vidareutvikle sentrale arbeidsprosessar innan rekneskap og løn. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og får høve til å bidra både fagleg og strategisk i utviklinga av tenestene våre.


Kvalifikasjonar

    Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon eller tilsvarande
  • god kjennskap til kommunal sektor og relevant lov- og regelverk
  • relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon
  • god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative IKT-system
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

    

     Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med kommunerekneskap
  • erfaring med Visma Enterprise Plus
  • erfaring frå fagleiing, rettleiing eller koordinering

Arbeidsoppgåver

Du får fagleg og operativt ansvar for kommunen si rekneskaps- og lønsfunksjon, med fagleg oppfølging av fire medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • fagleg ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn
  • sikre god kvalitet i rekneskapsføring, lønsutbetalingar, avstemming og rapportering
  • utvikle, forbetre og dokumentere rutinar og arbeidsprosessar
  • bidra i årsavslutning, tertialrapportering og budsjettoppfølging
  • bidra til god internkontroll og etterleving av lov- og avtaleverk
  • vere rådgjevar og støtte for leiarar og tilsette i spørsmål om løn og økonomi
  • delta i utviklingsarbeid, digitalisering og forbetring av system og arbeidsflyt
  • samarbeide med andre fagmiljø og eksterne aktørar ved behov

Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå kompetansen og profilen til den rette kandidaten, og i takt med utvikling av økonomifunksjonen i kommunen.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er strukturert, grundig og har høg gjennomføringsevne
  • ser heilskapen,og samstundeshar kontroll på detaljer
  • trivst med å løyse problem og handtere komplekse problemstillingar
  • kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar
  • trivst med ansvar og har god arbeidskapasitet

Vi tilbyr
  • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap 
  • Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle 
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Datakilde: NAV Arbeidsplassen