Avdelingsleiar - 100% fast stilling

Sted
Ikornnes, Sykkylven
Stillingstype
Fast / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-13 · Omtrent 2 uker igjen
Publisert
2026-08-25

Om stillingen

Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Sørestyranda skule/SFO. Tiltreding etter avtale.

Sørestranda skule har for tida om lag 80 elevar, og 38 born nyttar SFO. Vi søkjer ein trygg, strukturert og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, trygt og godt skule- og SFO-miljø.

Dette er ei variert avdelingsleiarstilling med ansvar for å skape god samanheng mellom skuledagen og SFO. Du arbeider tett på elevane i skuletida og har ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO. Stillinga kombinerer pedagogisk arbeid, koordinering av medarbeidarar og administrative oppgåver.

Arbeidsoppgåvene er for tida fordelte med om lag 60 % arbeid i skulen og 40 % arbeid knytt til SFO. Du er avdelingsleiar i heile stillinga. Stillinga følgjer ordinær arbeidstid, og du må vere tilstades både i skuletida og SFO-tida. Du samarbeider tett med rektor, som er din næraste leiar. Rektor har personalansvaret for dei tilsette.


Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk og miljøretta arbeid tett på elevar og elevgrupper
  • Samarbeide med lærarar om individuelt tilrettelagd opplæring og tilpassingar innanfor det ordinære opplæringstilbodet
  • Arbeide proaktivt og førebyggjande for eit trygt og godt skulemiljø
  • Ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO
  • Planleggje aktivitetar og bidra til eit godt pedagogisk tilbod i tråd med rammeplanen for SFO
  • Administrative oppgåver knytte til den daglege drifta av skulen og SFO
  • Tett samarbeid med rektor, lærarar og andre tilsette

Kvalifikasjonar

Det er krav om:

  • Relevant pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå
  • Relevant erfaring frå arbeid i skule og/eller SFO
  • Gode digitale ferdigheiter og god systemforståing
  • God evne til å planleggje, organisere og følgje opp arbeidsoppgåver
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk
  • Det må leggast fram gyldig politiattest før tiltreding

Leiarerfaring og kjennskap til relevante administrative system er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er trygg og tydeleg og har svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • arbeider strukturert, sjølvstendig og systematisk
  • tek initiativ, ser løysingar og har god gjennomføringsevne
  • trivst med ansvar, høgt arbeidstempo og varierte arbeidsoppgåver
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet og samarbeider godt og tett med rektor og resten av personalet

Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjinga.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og variert avdelingsleiarstilling der du kombinerer pedagogisk arbeid, administrasjon og leiing
  • Høve til å påverke og vidareutvikle samspelet mellom skule og SFO
  • Tett samarbeid med rektor og dei andre tilsette ved skulen
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Vi ønskjer eit større mangfald i personalgruppa. Menn er underrepresenterte ved skulen og blir oppmoda om å søkje.

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar

Vi ber om at søkjarar legg ved relevante vitnemål og attestar.

Kontaktinformasjon

Knut Orre, Rektor / Einingsleiar, 99522440, [email protected]

Arbeidsstad

Ikornnesvegen 15
6222 Ikornnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5164708604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen