Fysioterapeut 100 % fast stilling
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Sykkylven kommune søkjer ein engasjert fysioterapeut til 100 % fast stilling i avdelinga Førebygging og meistring!
Vi tilbyr ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og innovasjon.
Stillinga inngår for tida i eit tverrfagleg team som består av blandt anna fysioterapeutar, ergoterapeutar, hjelpemiddelansvarleg, m.fl. Teamet samarbeider tett med tenestekontoret og andre relevante fagmiljø i kommunen.
Vi har stort fokus på førebyggande arbeid, samt arbeid med rehabilitering av vaksne i eigen heim og i institusjon. Eit av våre mål er blant anna å bidra til at fleire kan bo trygt heime lengst mogleg.
Som fysioterapeut i Sykkylven kommune vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil også få høve til å vere med å videreutvukle tenestetilbodet i kommunen.
Kan dette vere noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad!
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, vurdering og oppfølging av brukarar med ulike funksjonsfall.
- Utarbeiding og gjennomføring av målretta rehabiliteringstiltak i samarbeid med brukar og andre faggrupper.
- Rettleiing og trening med fokus på meistring, funksjon og sjølvstende i kvardagen.
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing av brukarar, pårørande og personale.
- Planlegging, koordinering og gjennomføring av førebyggjande tiltak.
- Bistå brukarar i søknadsprosessar knytt til hjelpemiddel.
Kvalifikasjonar
- Godkjent autorisasjon som fysioterapeut
- Beherske relevant lovverk
- Relevant erfaring/utdanning frå, eller interesse for, rehabilitering og førebyggjande arbeid er ønskeleg.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Gode IKT-ferdigheiter.
- Førarkort klasse B.
- Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
- Søkjer ein positiv, engasjert og motivert kollega
- Gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg arbeid.
- Løysningsorientert med evne til systematisk, sjølvstendig arbeid
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å bygge relasjoner, sjå brukerens ressurser og motivere til egeninnsats.
- Bidreg til positivt arbeidsmiljø og godt samhold i gruppa.
- Personleg eignaheit tilleggast stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gode forsikringsvilkår og låneordningar
Kontaktinformasjon
Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, [email protected]Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5164027561
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026