Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg! Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag.
Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk.
Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og støttesamtalar
- Målretta miljøarbeid
- Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov
- Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt
- Legemiddelhandtering
- Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
- Oppgåver delegert frå næraste leiar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Du evnar til å halde deg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest
- Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg
- Førerkort klasse B
- Oppmodar menn til å søke
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Vise fagleg engasjement
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Kollegastøtte
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke)
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Audhild Myklebust, avdelingsleiar psykisk helse og rus, 91898758Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5164234826
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026