Sjukepleiar/spesialsjukepleiar 100 % fast stilling, som sjukepleier i stab
Om stillingen
Vil du bli ein viktig del av vårt team som sjukepleiar ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter?
Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved BUAS, eit moderne og triveleg omsorgssenter med totalt 83 plassar fordlet på 5 avdelingar. To spesialisert på demens omsorg, 1 institusjon, medan to tilbyr heildøgns omsorg og institusjon.
Kva tilbyr vi?
Ei spennande og variert stilling der 60 % av tida er i stab med ansvar for tenester på tvers av alle avdelingar, og 40 % arbeid direkte i avdeling.
Turnus med dag- og kveldsvakter, inkludert langvakter på 12,5 timar, og arbeid kvar 4. helg – helgene og langvaktene er knytt til stabfunksjonen.
Ein arbeidsplass der du kan gjere ein stor forskjell for menneska i lokalsamfunnet, i eit støttande og fagleg sterkt miljø.
Er du klar for nye utfordringar i eit meningsfullt yrke? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
- Stabfunksjonen skal sikre sjukepleiekompetanse til alle pasientane i eininga. Nokre oppgåver vert satt i system, noko kan bli akuttoppdrag.
- Undervisning/opplæring av fagarbeidarar og andre sjukepleiarar
- Kvalitetsarbeid: opplæring og kompetanseheving av assistentar og nytilsette, sikre ajourhald av pasientjournalar, kartleggingar, palliasjon, samtale med pårørande-/pårørandestøtte m.m. Yte tenester der det er behov i dei ulike avdelingane
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
- Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling
Personlege eigenskapar
- Brenn for kvalitet og fagleg utvikling
- Har evne til å sjå heilheita, arbeide strukturert og bidra til gode system og rutiner
- Trygg og tydeleg fagperson som kan veilede, motivere og støtte kollega
- Har gode samarbeidsevner og liker å jobbe tverrfagleg
- Kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg
- Er løysningsorientert, fleksibel og ser moglegheiter og utfordringer
- Tek initiativ og tek ansvar for å følgje opp faglege prosessar og forbetringsarbeid
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Fagleg sterkt miljø, og med godt samarbeid med sjukeheimslegen
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , [email protected]Arbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5133873833
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026