Bibliotekmedarbeidar 7% - laurdagsstilling (vikariat)

Isdalstø, Alver
Vikariat / Deltid
Søknadsfrist:
2026-09-06
Publisert:
2026-08-24

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Om stillinga

Alver bibliotek har ledig eit vikariat i 7% laurdagsstilling. Arbeidstid er annakvar laurdag kl 10.15-15.30. Det er fint om ein har høve til å arbeide ekstra ved ferieavvikling og sjukdom. Arbeidsstad vil vere Knarvik, Manger eller Frekhaug.

Alver bibliotek er ein attraktiv møteplass for innbyggarane i Alver kommune. Vi har tre avdelingar og ein filial. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger. Det er alltid to tilsette på jobb i Knarvik, medan ein som oftast er åleine på jobb på Frekhaug og Manger.


Arbeidsoppgåver
  • Skranke og anna service til brukarane av biblioteket 
  • Litteraturformidling
  • Formidling av digitale tilbod og verktøy
  • Hyllerydding og anna førefallande arbeid
  • Legge til rette for arrangement

Kvalifikasjonar
  • Videregåande utdanning, over 18 år
  • Du er gjerne ein student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag
  • Du har god digital kompetanse
  • Du har gjerne erfaring frå bibliotek, formidlings- og/eller arrangementerfaring

Personlege eigenskapar
  • Du har interesse for litteratur, formidling og digitale verktøy
  • Du ønskjer å lære og utvikle gode bibliotektenester
  • Du er sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert
  • Du er løysingsorientert og initiativrik
  • Du er glad i å hjelpe publikum

    Personleg eignaheit vert vektlagt.


Vi tilbyr
  • Ei deltidsstilling der du får sjansen til å lære, arbeide sjølvstendig og yte god service til dei besøkande på biblioteket
  • Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø   
  • Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk
  • Person- og pensjonsordning gjennom KLP

Datakilde: NAV Arbeidsplassen