Kyrkjemusikar Radøy sokn

Manger, Alver
Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-09-20
Publisert:
2026-08-24

Omtrent 4 uker igjen

Om stillingen

Alver kyrkjelege fellesråd har ledig 30% fast stilling som kantor/ kyrkjemusikar hovudsakleg i Radøy og Knarvik sokn. Organisten gjer teneste to søndagar i månaden, og får ein fast gravferdsdag.


Arbeidsoppgåver

  • Teneste ved kyrkjelege seremoniar, gravferder, gudstenester, vigsler og institusjonsandakter
  • Planlegging og vidareutvikling av gudstenester og andre arrangement saman med prest og frivillige i kyrkjelyden
  • Bidra inn i soknet sitt arbeid med trusopplæring og skule/kyrkjesamarbeid
  • Delta i stabsmøter og vere ein del av teamarbeidet i staben
  • Ta del i fagleg og tverrfagleg samarbeid i fellesrådsområdet

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kantor/kyrkjemusikar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og kreativ med gode samarbeidsevne
  • Ser verdien av mangfald i kyrkjemusikken
  • Ha ønske om å vera med å styrke arbeidet i soknet
  • Arbeida både sjølvstendig og i team
  • Kommunisere og samarbeide godt med frivillige medarbeidarar i alle aldrar

Det blir lagt vekt på at søkaren er personleg egna.

Me tilbyr

  • Ei variert stilling i gode arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariff for kyrkjeleg sektor
  • Forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Anna:

  • Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til prøvespel og intervju
  • Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Kontaktinformasjon

Grethe Lunde, dagleg leiar, 90613452
John Fredrik Wallace, kyrkjeverje, 48284872

Arbeidssted

Idrettsvegen 1A
5936 Manger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5169167179
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen