Tilkallingsvikarar på legekontoret
Heggenes, Øystre Slidre
Om stillingen
Vil du bli ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg!Øystre Slidre kommune sitt legekontor ligg på Heggenes, sentralt plassert mellom Beitostølen og Fagernes. Her møter du eit stabilt og godt arbeidsmiljø med fire spesialistar i allmennpraksis, ein LIS1-lege og dyktige medarbeidarar innan sjukepleie, bioingeniørfag og helsesekretærteneste.
No søkjer vi tilkallingsvikarar som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Hos oss får du arbeide tett saman med erfarne fagpersonar og bidra til gode helsetenester for innbyggjarane i kommunen.
Vi ser etter deg med helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid. Dersom du allereie arbeider i turnus ein annan stad, vil vi så langt det er mogleg tilretteleggje for dette.
Søkjarar blir kontakta og kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Betene telefon og resepsjon
- Ta imot og følgje opp pasientar i behandlingsrom
- Utføre prøvetaking og andre oppgåver på laboratoriet
- Bidra med andre oppgåver etter behov og kompetanse
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning og autorisasjon, til dømes sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær, helsefagarbeidar, ambulansearbeidar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå jobb på legekontor
- Tilsetjing føreset framlegging av tilfredsstillande politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4
Personlege eigenskapar
- Du kan arbeide sjølvstendig, og i lag med andre
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Du har evne til å arbeide strukturert, også i periodar med høgt arbeidspress
- Du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein imøtekomande og respektfull måte
- Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Dyktige og hyggelege kollegaer
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5168075111
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 30.09.2026
Datakilde:
NAV Arbeidsplassen