Assistent/Reinhaldsoperatør

Bergen
Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-02
Publisert:
2026-08-21

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar.

Hospitaldrift Reinhald er ei av desse einingane. Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. 

Ved seksjon 1 har vi ledig 1x100% fast stilling og 2x100% vikariat frå snarast til 30.11.2026 med mogleg forlenging. Arbeidsstad vil vere i Haukelandsområdet*/.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå av regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
  • Arbeidstida i den faste stillinga per dags dato vil vere kl. 12.00–20.00, med arbeid kvar 4. helg
  • Arbeidstida i vikariatstillingar per dags dato kan variere mellom dagvakt (kl. 07.00–15.00) og mellomvakt (kl. 12.00–20.00), med arbeid kvar 4. helg

Kvalifikasjonar

  • Vi søker personar med praktisk erfaring fra reinhaldsfaget
  • Må kunne bruke IKT-verktøy
  • Må ha evne til å se samanhengen mellom forbruk og økonomi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • Det er ikkje krav om fagbrev, men søkarar med fagbrev er av særleg interesse

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team
  • Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • God fysisk helse til å kunne jobbe med eit fysisk arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø :-)
  • Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Grete Romfo, Seksjonsleiar, 55 97 21 01

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5168509818
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 02.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen