Reinhaldsoperatør
Omtrent 3 uker igjen
Om stillingen
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som reinhaldsoperatør ved avdeling reinhald, for tida i Hauge og Kalvåg området. Vi søkjer ein dyktig og påliteleg medarbeidar som ønskjer å bidra til trygge og trivelege bygg for brukarar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Som reinhaldsoperatør har du ansvar for:
- Dagleg reinhald av bygga du er tildelt
- Å sikre at lokala held høg standard når det gjeld hygiene og trivsel
- Utføring av oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør
- Andre med relevant praksis er også velkomne til å søkje
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer fagleg engasjerte, motiverte og sjølvstendige medarbeidarar.
Du er:
- Positiv og serviceinnstilt
- Løysingsorientert
- Strukturert og ryddig
- God til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Du må:
- Ha førerkort kl. B
- Vere innstilt på endringar
- Vere ryddig og strukturert
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det blir gjeve naudsynt opplæring og gode vilkår for fagleg utvikling.
Serviceinnstilling og personlege eigenskapar vert vektlagt.
Leiinga kan gjere endringar i stillinga sitt arbeids- og ansvarsområde
Vi tilbyr
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Larsen, Fagleiar Reinhald, +47 94970027Arbeidsstad
Svelgen6723 Bremanger Municipality
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5164651934
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026