Vikariat lærar

Hognestad skule, Time kommune Bryne , Time , Rogaland , Hågenholen 1 , 4346 Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-04
Publisert:
2026-08-07

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Vikar lærar  
Hognestad skule, Time kommune 

Time kommune har, hausten 2026, ledig eit vikariat i 100% stilling som kontaktlærar på mellomtrinnet ved Hognestad skule - snarast - t.o.m 22.12.26. Søknadane blir behandla fortløpande. 

Skulen ligg i landlege omgjevnader ca 5 kilometer sør frå Bryne. Skuleåret 2026-2027 har me 53 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Skulen har eigen idrettshall som er aktiv i bruk på dag og kveldstid. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitet i friluft. 

På Hognestad er foreldra og lokalmiljøet opptekne av skulen sin, og deltek med engasjement i samhandling med skulen. 

Hognestad skule sine utviklingsområder er lesing, rekning, engelsk og motivasjon. Målet er at alle elevane skal oppnå sitt høgaste potensiale, og at elevane skal vera aktive i undervisninga og i eiga læring. Leik på tvers av trinn er ein av våre styrkar. 

Skulane i Time er ein del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Hognestad skule er i nettverk saman med Bryne skule, Orre skule, Tu skule og Varhaug skule. 

På Hognestad skule har alle elevar og tilsette personlege læringsbrett som verktøy for å forsterka læring. Trinntid og teamtid vert brukt til refleksjon og deling med fokus på læring. 

Arbeidsoppgåver

- Kontaktlærar  
- Sjå og møta den einskilde elev der han/ho er 
- Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang 
- Samarbeida godt og spela på lag med andre   

Kvalifikasjonar

- Godkjent lærarutdanning for barneskule og gjerne erfaring frå grunnskule 
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. 
- Har god digital kompetanse 
- Kan ta livredningsprøven og ha symjeundervising i stort basseng.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • -Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet 
    -Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast 
    -Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg 
    -Lika utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar 
    -Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap 
    -Gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg 
    -Gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen 

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

 

Kontaktinformasjon

Ingveig Nærland Ødegård, Rektor

Arbeidsstad

Hågenholen 1
4346 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5162346731
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 22.12.2026
Søknadsfrist: 21.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV