Kontaktperon

Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune Kviteseid , Telemark , GRANVLIVEGEN 1A , 3850 Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-07-30

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar?
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling.

 

Vi har ledig 100 % vikariat som kontaktperson frå dags dato til 31.08.2027.


Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane.


Arbeidsoppgåver

Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester

Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar

Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast
God barnevernfagleg kompetanse og erfaring er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Evne til å nytte digitale verktøy på ein effektiv måte
Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
Er trygg, raus og robust
Har evne til å motivere og inspirere
Er ein god lagspelar med gode samarbeidsevner
Arbeider systematisk og målretta
Evnar å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdrift
Likar å samarbeide med andre kommunale tenester og dele kunnskap
Kan handtere krevjande og pressa situasjonar
Er fleksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

Ein spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell
Høgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebygging
God opplæring og rettleiing
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer
Regelmessig oppfølging frå teamleiar
Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog
Løn og vilkår
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Gunn Annie Hellestad, Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, +47 90 76 69 07

Arbeidsstad

GRANVLIVEGEN 1A
3850 KVITESEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5150525330
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV