Vegteknolog

Infrastruktur og veg, Vestland fylkeskommune Bergen , Vestland , Lars Hilles gate 22 , 5008 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-30
Publisert:
2026-07-20

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Med våre over 6 000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5 547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1 988 bruer, 30 ferjesamband.
Avdelinga vår, Infrastruktur og veg, skal sikre ein framtidsretta infrastruktur. Målet er å betre samband internt i regionen og sørge for gode kommunikasjonar mot resten av landet.

Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.

For å styrke vårt vegteknologiske fagmiljø på geo- og skredseksjonen, søkjer vi no etter ein dyktig vegteknolog. Du vil bli ein sentral person når vi skal realisere nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.

Geo og skredseksonen består i dag av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag fire geoteknikarar, seks ingeniørgeologar, ein vegteknolog og ein DAK-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.

For denne stillinga vil kontorstaden vere Bergen. For kvalifiserte søkarar kan Leikanger og Voss kan vere aktuelle kontorstader.


Arbeidsoppgåver

Som vegteknolog på geo- og skredseksjonen får du stort ansvar, utfordrande oppgåver og mykje friheit i arbeidsdagen. Me er opptekne av at du har ein fin balanse mellom jobb og fritid. Du vil bli del av eit stort og veletablert fagmiljø innan samferdsle som består av om lag 380 medarbeidarar innan fleire fagområde, og du vil jobbe med geotekniske prosjektoppdrag både innan planprosjekt, investering, vedlikehald og drift. Noko reising må du rekne med.

Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Fagleg rådgjeving og prosjektering av vegoverbygning i alle planfasar.
  • Vurdere materialkvalitet til fjell/lausmasser i linja.
  • Gjennomføre forsterkningsplanlegging og bistå med oppfølging/kvalitetskontroll under bygging.
  • Vurdere tilstand på eksisterande veg basert på lokalkunnskap og befaringar.
  • Ha ei sentral rolle i det pågåande forsterkningsprogrammet: utarbeide forsterkningsplan med forsterkningsmetode basert på undersøkingar, visuelle vurderingar og kjent kunnskap.

Arbeidsmiljøundersøkingar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det ligg godt til rette for både fagleg og personleg utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan vegteknologiske fag frå universitet eller høgskule.
  • Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet. Det er ønskjeleg med minst 3-4 års erfaring som vegteknolog , men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje.
  • Du kjenner godt til og kan bruke digitale verktøy.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Som medarbeidar på geo- og skredseksjonen forventar vi at du har gode samarbeidsevner og kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte. Du har stå-på-vilje og er god på å dele kunnskap med kollegaane dine. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, engasjert og resultatorientert, og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø med høg profesjonalitet
  • Faglege nettverk og moglegheit for vidareutdanning
  • Variert arbeidsdag og meiningsfulle oppgåver
  • Tillitsbasert leiing der du raskt vil få ansvar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Attraktive pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Heimekontor etter avtale
  • Moderne kontorfasilitetar på alle kontorstader

    Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte seksjonsleiar på geo- og skredseksjonen Stein Olav Njøs: 951 91 855.

Kontaktinformasjon

Stein Olav Njøs, leiar, 95191855

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5153997039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV