Miljøterapeut i Miljøteamet – 100% fast
Omtrent 4 uker igjen
Om stillingen
Kort om stillinga:Vi utvider teamet vårt, og søkjer etter ein ny kollega, i 100% fast stilling.
Vi søkjer etter deg som brenn for å sikre eit godt barnevern. Du set pris på variert arbeid, er dyktig og har stor omsorg for barn og unge som befinn seg i ein krevande livssituasjon.
Miljøteamet er ein del av barneverntenesta og ei eiga avdeling. Miljøteamet har arbeidsstad i eigen bustad kor også samværsstaden inngår. Miljøteamet retter tiltak/oppgaver både mot barn, unge og familier. Teamet består av 6 miljøterapeuter, og ein operativ leiar.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid retta mot born, unge og familiar
- Tilsyn og tilrettelegging av samvær
- Familieråd
- Intensivt arbeid i akutte tilfelle
- Ettervern
Kvalifikasjonskrav:
Ønskjeleg med relevant helse- og sosialfaglig utdanning på bachelornivå (barnevernspedagog, sosionom, vernepleier) Søkarar utan høgskuleutdanning men har anna relevant erfaring og/eller videreutdanning/kurs/sertifiseringer kan også vurderast.
- Har sertifikat klasse B (avdelinga har tenestebilar)
- Har minimum 2 års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med barn og unge
- Kjennskap til kommunale tenester/organisering og god kjennskap til 1.linje tenester
- God skriftleg – og munnleg framstillingsevne.
- Det er krav om å legge fram godkjend politiattest, med heimel i barnevernlova, ved tiltrede i stillinga
- Vi oppmodar menn til å søkje.
Ønska personlege eigenskaper
- Er målretta og strukturert
- Gode samarbeidsevner og ønske om å skapa resultat
- Sjølvstendig
- Gode evner til relasjonsbygging
- God på observasjonar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er trygg, stødig og omsorgsfull
Vi tilbyr
- At du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling. Samt flotte og tilpassa lokalitetar.
- Sjølvstendig fleksibelt arbeid
- Turnusarbeid med arbeid med vakter dag, kveld og tredjekvar helg. Tenestea sitt innhald kan føre til behov for arbeidstid i medleverdøgn i deler av turnusen.
- Fagutvikling på fleire ulike område
- Systematisk oppfølging- og rettleiing
- Deltaking i utviklingsarbeid
- God pensjonsordning
- Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring.
Vi er Alver
Video om Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4