Sjukepleiar/ vernepleiar med vidareutdanning

Sted
Molde
Stillingstype
Fast / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-08 · Omtrent 2 uker igjen
Publisert
2026-08-27

Om stillingen

Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb innan rusbehandling i spesialisthelsetenesta? Då kan dette vere stillinga for deg!

Poliklinikk TSB Molde søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, eller relevant erfaring frå fagfeltet. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til eit viktig behandlingstilbod og vere med på å utvikle tenestene våre i Kristiansund.

Poliklinikk TSB Molde inngår i klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av rusavhengigheit. I poliklinikken arbeider vi med b.l.a. individuell behandling, gruppebehandling og dagbehandling. Tilbodet i poliklinikken gjeld også Legemiddelassistert Rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet vårt på Nordmøre har vi etablert eit team i Kristiansund som ivaretek LAR-behandling. Teamet ligg under poliklinikken i Molde med arbeidsplass i Kristiansund.

Som vernepleiar/sjukepleiar vil du få sjølvstendig behandlingsansvar og ansvar for medikamenthandtering i teamet i Kristiansund. 
Arbeidstid er p.t. dagtid 08.00 - 16.00 

Bur du midt i mellom Molde og Kristiansund er det moglegheit for å jobbe begge stadar.


Arbeidsoppgåver

  • Individuell behandling
  • Pasientansvarleg koordinator
  • LAR- behandling
  • Medikamenthandtering 
  • Undervisning/rettleiing
  • Kontinuerlig forbetring/kvalitetsarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie /vernepleie 
  • Krav om relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling
  • Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B 
  • Oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert
  • Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid 
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? 
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.  Les meir om Molde og Romsdalen her!

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar
Elisabet Kallset, Teamkoordinator, 90035212

Arbeidsstad

Strandgata 1
6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5154472668
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen