Rettleiar Nav

Vaksdal kommune Dalekvam , Vaksdal , Vestland , Konsul Jebsensgate 16 , 5722 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-01
Publisert:
2026-08-13

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Om stillinga

Nav Vaksdal har frå snarast ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar og sakshandsamar, med tilsetjing på kommunale vilkår. Den som blir tilsett, blir ein del av eit lite, men solid arbeidsmiljø, og får arbeidsplass i Heradshuset på Dale.


Arbeidsoppgåver
  • Rettleie og motivere for sosial og økonomisk tryggleik, fremje overgang til arbeid, og hjelpe den enkelte til å vere sjølvhjelpen.
  • Sakshandsaming og oppfølging etter Lov om sosialetenester, med hovudvekt på økonomisk sosialhjelp, gjeldsrådgjeving og økonomisk rettleiing.
  • Arbeidsretta oppfølging for eigne brukarar

    Vi søker ein person som ser arbeidsretta løysingar for individ og næringsliv, og kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet

    Nav er ein organisasjon i endring, og med det kan òg arbeidsoppgåver bli endra undervegs.


Kvalifikasjonskrav
  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning frå universitet eller høgskule kan bli vurdert. 
  • Anna relevant kompetanse og erfaring kan ved behov blir vurdert. 
  • Gode datakunnskaparog kjennskap til Office 365
  • Førarkort kl B
  • God kommunikasjonsevne og god norskkunnskap skriftleg og munnleg

Det er ynskjeleg at du har:

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Kjennskap tilarbeidsmarknaden lokalt og regionalt
  • God økonomisk forståing

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og leiter etter deg som 

  • Har evne til å motivera og skapa tillit
  • Er løysingsorientert
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt – sjølvstendig og i team
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik

 


Vaksdal Kommune kan tilby
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Datakilde: Data hentet fra NAV