Administrasjonsleiar og sosialarbeidar – 100 % stilling
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Likar du å kombinere struktur og orden med arbeid tett på menneske? Ønskjer du ein jobb der du får ansvar, tillit og høve til å gjere ein forskjell i unge menneske sine liv? Hos oss kombinerer du administrasjon (50 %) med sosialt arbeid (50 %) i eit levande folkehøgskulemiljø
Hva vi ser etter KvalifikasjonarMe ser etter ein kandidat som har:
- Relevant utdanning og/eller erfaring innan administrasjon, økonomi eller tilsvarande
- God økonomisk forståing og evne til å arbeide strukturert med administrative oppgåver
- God digital kompetanse
- Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter
- Evne og interesse for å arbeide tett med unge menneske
- Er strukturert, nøyaktig og har god oversikt
- Er trygg, raus og god i møte med unge menneske
- Har evne til å skape gode relasjonar og tillit
- Tek initiativ og ansvar og kan arbeide sjølvstendig
- Er fleksibel og omstillingsdyktig
- Er komfortabel med ein variert arbeidskvardag der du vekslar mellom kontorarbeid og aktiv deltaking i elevmiljøet
-
Har stor takhøgd og møter både elevar og kollegaer på ein respektfull og likeverdig måte
-
Erfaring frå skule, folkehøgskule, sosialt arbeid eller arbeid med ungdom er ein fordel.
Som administrasjonsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:
- Budsjettarbeid og økonomisk oppfølging internt og i samarbeid med rekneskapsførar
- Kontering og fakturering
- Utarbeiding og oppfølging av turnus for driftspersonale
- Ansvar for kommersiell drift, mellom anna utleige
- Oppfølging av internasjonale søkjarar
- Andre administrative oppgåver knytt til den daglege drifta av skulen
Om lag halvparten av stillinga er knytt til sosialt arbeid og oppfølging av elevane.
Du vil vere ein synleg og tilgjengeleg vaksenperson i skulemiljøet og bidra til tryggleik, trivsel og eit godt sosialt fellesskap. Arbeidet omfattar mellom anna:
- Tilsyn og sosialarbeid blant elevane
- Oppfølging av elevar og det sosiale miljøet ved skulen
- Bidra til å skape eit inkluderande, trygt og godt internat- og skulemiljø
- Delta i aktivitetar og andre oppgåver knytt til elevmiljøet
Tilsyn inngår som ein del av stillinga, nokre helger må påreknast.
Har du lyst til å vere med og skape ein god skulekvardag for elevane våre og samtidig bidra til ei trygg og effektiv drift av Stord Folkehøgskule? Då ønskjer me å høyre frå deg!
For tilsetjing ved Stord Folkehøgskule krevst det politiattest av kandidatar som får tilbod om stilling.
Vi tilbyr- Ei variert stilling der du får kombinere administrativt ansvar med arbeid tett på elevane
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit kreativt og inkluderande miljø som verdset initiativ og samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk