Pedagogisk leiar
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing.
Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde.
.
Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, for tida fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar.
Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass som blir mykje nytta, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement.
Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15.
Frå 01.10.26 (evt.tidlegare) har vi ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiar har ansvar for dagleg drift på avdellinga og er fagleg leiar for si avdeling
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, være sjølvstendig, løysingsorientert og fleksibel
- God til å kommunisere, rettleie og motivere
- Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Lønn etter tariff
Kontaktinformasjon
Hilde Langlo Brekke, 46411844Susan Aambakk Helsem, Einingsleiar, +47 46411130
Arbeidsstad
Hevsdalsvegen 446200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5152300862
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026