Tilkallingsvikar
Om stillingen
Lepsøy barnehage ligg sentralt til på Lepsøya med kort veg til fjell, fjøre, butikk og idrettsområde. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper. Visjonen vår er "saman skaper vi tillit, tryggleik og trivsel" og det jobbar vi mot kvar dag - for både barn og tilsette. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.
Herunder:
- Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barnet
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
- Følge opp den rettleiinga ein får
- Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27.
- Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- Har eit ønske om å arbeide med barn
- Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Trivast i ein aktiv kvardag
- Er glad i å vere ute
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
- Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
- Tilgong til kurs og kompetansehevande tiltak
- Løn etter tariff
- Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar
Kontaktinformasjon
Eirin Buner Otterlei, Styrar, 98082266, [email protected]Arbeidsstad
Lepsøyvegen 236292 Kjerstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5151534353
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 31.12.2026