Prosjektingeniør Innreiing

Tersan Havyard Leirvik i Sogn , Hyllestad , Vestland , Bøfjordvegen , 6953 Annet / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-22
Publisert:
2026-06-22

6 dager igjen

Om stillingen

Arbeidsoppgåver

• Følgje prosjektet frå signering av kontrakt til levering.

• Teknisk bistand ved innkjøp av innreiingsløysingar, isolasjon, kledning, dører, møblar og anna utstyr.

• Prosjektering og kontroll av både 2D- og 3D-produksjonsunderlag.

• Samarbeid med underleverandørar, klasse, NMA og reiarlag.

• Tett dialog med produksjon frå byggestart til testing og levering.

• Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid innan fagområdet.

• Aktivt bidra til samarbeid og byggje sterke relasjonar mellom teknisk avdeling og produksjon.


Kvalifikasjonar

• Ingeniørutdanning / teknisk fagskule innan bygg, interiør, teknisk design, marinteknisk eller tilsvarande.

• Erfaring frå byggebransjen eller maritim industri er ønskjeleg.

• Erfaring med 2D- og 3D-modellering, til dømes AutoCAD, Cadmatic eller liknande.

• Kjennskap til standardar og regelverk innan maritim sektor er ein fordel.

• Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.


Personlege eigenskapar

• Strukturert og nøyaktig.

• Gode samarbeidsevner og vilje til å kommunisere på tvers av fagmiljø.

• Praktisk forståing og interesse for å hjelpe produksjon.

• Positiv, løysingsorientert, initiativrik og proaktiv.


Vi tilbyr

• Ei spennande rolle i eit sterkt og tverrfagleg ingeniørmiljø.

• Varierte og teknisk krevjande prosjekt innan nybygg og ombygging av avanserte skip.

• Tett samarbeid med dyktige kollegaer innan fleire fagområde.

• Konkurransedyktige vilkår og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

• Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med stolte kollegaer.


Stillinga rapporterer til Engineering Manager.


For meir informasjon, ta kontakt med Engineering Manager Asbjørn Lylund: 957 24 779 / [email protected]


 


Datakilde: Data hentet fra NAV