Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO/TBiT)
1 dag igjen
Om stillingen
Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50–100 % fast stilling som psykolog. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi), kombinert med arbeid i TBiT (Trygge Barn i Tannbehandling). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet, og prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa. TBiT er eit behandlingstilbod for barn og ungdom mellom 8–18 år som har tannbehandlingsangst og/eller sprøytefobi i den grad at dei ikkje meistrar ordinær tannbehandling.Stillingsstorleik er 50–100 %. Endeleg stillingsomfang og fordeling mellom TOO og TBiT blir avklart før tilsetting.
Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk.
Arbeidsoppgåver
Du får jobbe med
- tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team
- å diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege
- gjennomføre eksponeringsbehandling i tverrfagleg team
- arbeid både innan TOO og TBiT
- utadretta rettleiing og informasjonsarbeid
- rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling
- å bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon
- Erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi, og ønske om å anvende metodikken i tverrfagleg team
- Erfaring frå angstbehandling
- Interesse for arbeid med odontofobipasientar
- Gjerne har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi
- Gjerne har erfaring frå forsking
- God kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne er ein føresetnad
- Evne til å uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/skandinavisk
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- Tilsetting skjer ellers på vanlege fylkeskommunale vilkår
- For ikkje-spesialistar vil det bli lagt til rette rette for relevant spesialiseringsløp
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest. For meir informasjon og søkje på stillinga, klikk på “Søkj på stilling” knappen på høgre side.
Datakilde: Data hentet fra NAV