Sjukepleiar - Haram omsorgssenter

Haram omsorgstenester, Haram kommune Brattvåg , Haram , Møre og Romsdal , Storgata 20 , 6270 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-08-10

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Vi søkjer etter sjukepleiarar i følgjande stillingar:   

  • 100% fast stilling, for tida i turnus på dag/kveld. Stillinga består i hovudsak av langvakter, og har arbeid kvar 4. helg.
  • 69,01% fast stilling, for tida i turnus på natt med arbeid 3. kvar helg. Det kan vere mogleg å auke stillingsprosent noko ved å jobbe todelt. 

Stillingane er for tida på Haram omsorgssenter. 

På Haram omsorgssenter har vi korttidsavdeling og langtidsavdeling. Sjukepleiarane er organisert i stab, og har lang og god erfaring med denne arbeidsmetoden. Det er tett samarbeid i sjukepleiargruppa, og med øvrige faggrupper.

I Ytre Haram omsorgsdistrikt er nattevaktene organisert i eit natt-team. Det er tett og godt samarbeid mellom heimetenesta og Haram omsorgssenter, med 2 sjukepleiarar og ein helsefagarbeider planlagt i turnus. Ein arbeider som eit team, med klar arbeidsfordeling på vakter. 

Kommunalområde Helse- og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og å gi gode tenester til tenestemottakarane. 
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar. 3. års sjukepleiarstudentar kan også søkje, med krav om å fullføre utdanning innan 2026.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Det er krav om dokumenterte språkferdigheter som tilsvarar B2 på Europarådet sin nivåskala for språk (CEFR).

Personlege eigenskapar

  • Du må vere oppteken av fag og framtid.
  • Du må vere løysingsorientert og engasjert.
  • Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
  • Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein spanande arbeidsplass med base i Brattvåg.
  • Framtidsretta arbeidsmetodar med fokus på velferdsteknologi.
  • Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.    

Kontaktinformasjon

Sandra Østborg Lorgen, Avdelingsleiar, 46946384, [email protected]
Beate Jeanett Austnes Nogva, Avdelingsleiar, 46865766, [email protected]
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, [email protected]

Arbeidsstad

Storgata 20
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5156292714
Stillingsprosent: 100, 69,01%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV