Rådgivar - digitalisering og utvikling

Ulstein kommune Ulsteinvik , Ulstein , Møre og Romsdal , Sjøgata 63 , 6065 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-07-03

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Vil du vere med og gjere teknologi nyttig i kvardagen til tilsette, leiarar og innbyggjarar?

Ulstein kommune søkjer ein rådgivar innan digitalisering og utvikling som vil vere med å skape betre arbeidsprosessar og tenester ved smart bruk av teknologi. Stillinga skal styrke kommunen si evne til å ta i bruk digitalisering, kunstig intelligens og automatisering på ein trygg og målretta måte.
Du vil vere kommunen sitt bindeledd mot vårt IT-selskap, SSIKT, og bidra til å omsetje behov til gode digitale løysingar – frå behovsavklaring og prioritering til innføring, opplæring og gevinstrealisering.
Vi ønskjer ein person som likar å prøve, teste, forklare og få ting til å verke i praksis. 
Du må kunne snakke med både leiarar, fagfolk, leverandørar og tekniske miljø, og du klarer å omsetje idear til løysingar som blir tekne i bruk.

Arbeidsoppgåver

  • vere lokal pådrivar for digitalisering, kunstig intelligens, automatisering og tenesteutvikling.
  • fange opp behov i organisasjonen og omsetje dei til prioriterte og gjennomførbare tiltak.
  • koordinere og leie lokale IKT og digitaliseringsprosjekt i samarbeid med leiarar, fagmiljø og SSIKT.
  • ha oversikt over kommunen si lokale portefølje av digitale tiltak, med ansvar, framdrift, risiko, gevinstar og ressursbehov.
  • byggje kompetanse gjennom opplæring, rettleiing, malar og praktiske brukardøme.
  • vere kommunen sin lokale kontakt og koordineringsressurs mot SSIKT og relevante regionale og nasjonale digitaliseringsinitiativ.
  • støtte leiarar og fagmiljø i automatisering, trygg bruk av data, betre arbeidsflyt og meir effektiv ressursbruk.
  • bidra ved innkjøp og innføring av digitale løysingar, med merksemd på behov, informasjonssikkerheit, personvern, arkitektur og økonomi.
  • følgje opp nasjonale fellesløysingar og vurdere korleis dei kan nyttast betre lokalt.

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning eller dokumentert erfaring innan digitalisering, teknologi, organisasjonsutvikling, prosjektleiing, forvaltning eller tilsvarande
  • dokumentert kompetanse eller særleg sterk interesse for kunstig intelligens og digitale arbeidsformer
  • evne til å gjere teknologi forståeleg og nyttig for leiarar, fagmiljø og tilsette
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
  • erfaring frå digitaliseringsarbeid, automatisering, forbetringsarbeid, systemforvaltning, prosjektleiing eller utviklingsarbeid er ein fordel
  • kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, databehandlaravtalar og risikovurdering er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er nysgjerrig, praktisk og løysingsorientert
  • likar å teste ut nye verktøy og vise andre korleis dei kan brukast
  • arbeider strukturert og har sterk gjennomføringsevne
  • bygger gode relasjonar og får folk med deg
  • forstår at digitalisering handlar like mykje om menneske, arbeidsprosessar og leiing som om teknologi
  • har god rolleforståing og evnar å balansere lokale behov med felles løysingar

Vi tilbyr

  • ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med digital utvikling og praktisk bruk av ny teknologi
  • høve til å påverke korleis Ulstein kommune brukar kunstig intelligens og digitale verktøy i kvardagen
  • varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, organisasjon og tenesteutvikling
  • tett samarbeid med leiarar, fagmiljø, SSIKT og regionale utviklingsmiljø
  • løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Ulstein kommune er ein framoverlent kommune med høge ambisjonar for tenestene, organisasjonen og lokalsamfunnet. Vi arbeider for å gi innbyggjarane gode tenester, sikre god styring og utvikle kommunen i lag med tilsette, folkevalde, innbyggjarar og samarbeidspartar.
Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaring. Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Jarl Martin Møller, Kommunedirektør, +47 97506761

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune

Referansenr.: 5152122182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV