Spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring
Omtrent én uke igjen
Om stillingen
DPS Døgn allmenn har ledig 100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring.
Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester som gjev allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, av desse ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvunge psykisk helsevern.
Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Startdato: Etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost
- Undervisning/rettleiing
- Tverrfagleg samarbeid
- Fungere som ansvarsvakt og primærkontakt
- Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
- Miljøterapi
- Pårørandearbeid
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på sengeposten
- Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til sengeposten
- Andre oppgåver etter avtale med leiar
- Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav.
- Relevant erfaring er ønskjeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingun Indrebø, Seksjonsleiar, +47 47890705Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5156280386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026