Sjukepleiar
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustader 2, avdeling Solbakken bukollektiv.
Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg.
Solbakken bukollektiv er ei underavdeling til Haram bustader 2. Solbakken består av bukollektiv for vaksne, samt avlastning. Basen til butenesta ligg i Brattvåg. Oppmøte kan difor enkelte dagar vere på basen i Brattvåg, for medikamenthandtering og andre møte. Som sjukepleiar på Solbakken vil du jobbe i eit tverrfagleg team i lag med dyktige miljøterapeutar og andre med helsefagleg bakgrunn.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.
Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling der miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Primærkontaktrolle.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring med helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
- Politiattest er eit krav.
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd.
- Du er lojal og stabil.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Beate Håholm Dahl, Avdelingsleiar Haram bustader 2 og Solbakken bukollektiv, 96517530, [email protected]Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, [email protected]
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5157981658
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 30.08.2026