Rådgjevar
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Vil du vere med å gjere ein forskjell?Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig ei mellombels 100% stilling som rådgjevar på fagområdet kommunikasjon, kognisjon og varsling. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåver gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi hjelper brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Arbeidsoppgaver
- Rettleie brukar, pårørande og samarbeidspartar om kommunikasjon- varsling- og kognisjonshjelpemiddel
- Gje råd om lese- og skriveprogram
- Gi råd om alternativ bruk av pc
- Halde kurs for brukarar og samarbeidsparter (både kurs på hjelpemiddelsentralen og kurs ute i kommunane)
- Informere om våre tenester til Nav-rettleiarar og andre samarbeidsparter på fagområdet arbeid og utdanning
- Behandle saker og gjere bestillingar
- Bidra i nasjonalt arbeid( nettverksmøter, teamskanalar m.m)
- Jobbe saman med andre for å løyse felles saker
- Ambulant verksemd
- Halde ved like, sette opp og programmere digitale hjelpemiddel
Kvalifikasjoner
- Bachelor eller tilsvarande innan helsefag eller pedagogikk
- Førerkort kl. B
Ønskeleg
- Erfaring med kommunikasjonshjelpemiddel
Personlige egenskaper
- Lærevillig
- Positiv og motivert
- Påliteleg
- Løysingsorientert
- Kreativ
Vi tilbyr
- Spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Fleksitidsordning
- Trening i arbeidstida
- Moglegheit for hybrid arbeidsdag
- Stillingskode 1434 rådgjevar. Lønnsspenn frå 639 000,- 680 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- God pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Inger Jorun Årseth, Avdelingsleiar, 95235287, [email protected]Frode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828, [email protected]
Arbeidssted
Steinavegen 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5150924009
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.08.2026