Sjukepleiar: spennande kombinasjonsstilling som del av skopi-team og sengepost

Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen HF
Voss
Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-01
Publisert:
2026-08-17

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar i medisinsk seksjon, 80% poliklinikk og 20% sengepost. 

Har du lyst til å bli ein del av vårt skopi-team og er nysgjerrig på  det indremedisinske fagområdet? Då kan dette vere stillinga for deg. Arbeidet i poliklinikken består av å førebu og støtte pasientar før og under undersøking. Du får assistere legespesialistar, i tillegg til tekniske oppgåver knytt til avansert medisinsk utstyr. Turnus i poliklinikken utgjer 80% av turnus der arbeidstid er mellom kl 08 og 15:30. 

I tillegg til dagarbeid i poliklinikken er du del av vår bemanning i sengeposten. Dette byr på ein varrieret kvardag med 35,5 timers arbeidsveke og jobb kvar 3. helg. Som sjukepleiar i sengepost vil du bli del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Vi tilbyr ein spennande kombinasjonsstilling  der du får utvikle deg fagleg og bidra i eit kompetent og engasjert miljø. Vi ynskjer DEG med på laget!

Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost. 


Arbeidsoppgåver

  • Medikamenthandtering 
  • Førebu og oppfølging av pasientar til poliklinisk behandling
  • Håndtere og reinhald av medisinsk teknisk utstyr i poliklinikk knytt til skopi
  • Observasjon og oppfylgjing av inneliggjande pasientar
  • Utøva god omsorg for pasientar og pårørande
  • Teamarbeid med andre yrkesgrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring som sjukepleiar er ein fordel men ikkje eit krav
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God fagleg kvalitet i pleie av pasientar
  • Kjennskap til bruk av IKT-verktøy

Personlege eigenskapar

  • Bidreg positivt fagleg og kollegialt
  • Er strukturert og tek ansvar
  • Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar
  • Har pasienten i fokus
  • Verdset å halde deg fagleg oppdatert
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er tilpasningsdyktig og fleksibel

Me tilbyr

  • Omfattande opplæring og kurs 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons -og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Årsturnus, med høve for påverknad

Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5154927217
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen