Tannlege
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Vil du ha ein jobb der du utviklar deg- og samtidig gjer ein forskjell?
I Høyanger får du begge delar. Her møter du eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø, faglege utfordringar og kollegaer som heiar på deg.
Vestland tannhelseteneste- Høyanger tannklinikk har ledig 100% fast stilling som tannlege, med oppstart etter avtale.
Vi har og ledig 100% vikariat med moglegheit for fast tilsetting.
Kvifor Høyanger?
Høyanger ligg vakkert til ved Sognefjorden og har rundt 2000 innbyggjarar i tettstaden og 3900 i heile kommunen. Staden har eit levande lokalsamfunn og ei rik industrihistorie særleg knytt til aluminium.
Her får du:
Skiturar rett frå døra: Preppa løyper berre 10 minutt frå sentrum, frå november til april.
Fantastiske toppturar både sommar og vinter.
Fiske og jakt: Daleelva byr på gode moglegheiter for laksefiske, og jakt og fiskelaget er aktive innan både hjortejakt og småviltjakt.
Trening og aktivitet: Nytt treningssenter, Høyangerbadet med 3 badebasseng og sklie og eit idrettslag med eit breitt tilbod.
Kort reiseveg til Bergen, og kort veg til næraste flyplass, Bringeland.
Sletting av studielån: Høyanger kommune er med i den nye nasjonale ordninga for gjeldsslette. Det betyr at du kan få 25 000 kroner avskrive kvart år, så lenge du oppfyller vilkåra.
Om Høyanger tannklinikk:
Klinikken er moderne, triveleg og består av:
- 3 tannlegar
- 1 tannpleiar
- 3 tannhelsesekretærar
Lokala vart totalrenovert i 2019 og ligg i same bygg som vidaregåande skule- med Høyangerbadet og idrettsanlegget som næraste naboar.
Her får du :
- Eit godt arbeidsmiljø
- Variert pasientgrunnlag i alle aldersgrupper, inkludert vaksne
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Høyanger - Fjord Norway
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Det er om lag 550 tilsette i Vestland fylkeskommune, fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest må framleggast
- Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk.
Det vert vektlagd at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Hildegunn Norevik Løland, klinikkleiar, 90565292, [email protected]Arbeidsstad
Hjetland 16993 Høyanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5155077572
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026