Er du medisin- eller sjukepleiestudent som ønsker relevant arbeidserfaring i studietida? Vi har ledige studentstillingar

Bemanningssenteret, Helse Bergen HF Bergen , Vestland , Haukelandsveien 22 , 5021 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-30
Publisert:
2026-08-14

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Vi søker etter medisin- eller sjukepleiestudentar som ønsker å kombinere studie med relevant arbeid gjennom utdanninga. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år og inneheld arbeid ved einingar innan somatikk, rus og psykiatri. Rotasjon er basert på 1,5 - 2 år på kvar eining.

Treng du fleksibilitet for å kombinere studie med relevant arbeid gjennom heile utdanninga? Då er dette ein unik sjanse til å opparbeide seg kompetanse på tvers i Vestlandets leiande sjukehusmiljø.

Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva eining du jobbar ved
  • I somatikken vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere praktisk arbeid, pleie og oppfølging av pasientar
  • I psykiatri og rus vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere pasientoppfølging med fokus på å skape gode relasjonar, og å motivere pasientar til å meistre problema sine på ein god måte
  • Delta i det daglege miljøarbeidet med pasientar og praktiske oppgåver delegert frå ansvarshavande
  • Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden

Kvalifikasjonar

  • Du må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggande stell/pleie
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Personlege eigenskapar

  • Du har eit ønske om allsidig erfaring innan ulike ulike einingar
  • Du er tilpassingsdyktig og finn deg til rette i ulike miljø
  • Du har utvikla gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du taklar endringar i kvardagen og høgt tempo
  • Du er fagleg dyktig og er interessert i å lære meir
  • Du har ei vennleg og respektfull framferd med pasientane, og ønsker å gjere «det lille ekstra» for at dei skal ha det bra

Vi tilbyr

  • Du vil få tilsetting i fast 22% stilling via Bemanningssenteret med arbeidsstad ved ulike einingar i føretaket
  • 10 helgar i løpet av eit år som blir planlagd saman med leiar i årsturnus
  • Resterande timar er fleksible. (ca 20 timar kvar månad) og desse blir planlagde etter kvart i samarbeid mellom tilsett og leiar
  • Det er rotasjon på ulike avdelingar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5165167843
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV