Sjukeheimsoverlege - 100% vikariat ved Volda Omsorgssenter
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Sjukeheimane dekkjer heile spekteret av helsetenester i institusjon med langtidsopphald, skjerma avdelingar for personer med demens, lindrande omsorg, rehabilitering og andre typer korttidsplassar.
Det er ledig stilling som sjukeheimsoverlege ved Volda Omsorgssenter. Kommunen kan vere fleksibel i forhold til stillingsstorleik.
Du får arbeide i ei stilling der du har handlingsrom til å være med og påvirke utvikling og innhald i tenestene.
Volda kommune har to institusjonar - Volda og Hornindal omsorgssenter. Stillinga er knytt til Volda omsorgssenter, som har 57 langtidsplassar og 20 korttidsplassar.
Vikariatet varer frå oktober 2026 til oktober 27. Det kan vere mogleg å avtale anna oppstarttidspunkt etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Yte legetenester i sjukeheim i tråd med overordna planar, mål og verdigrunnlag.
Medisinsk rådgjevar for sjukeheim.
Direkte pasientrelatert arbeid.
Samarbeid med andre sjukeheimslegar inklusiv individuell rettleiing for legar under spesialisering, samt vere ein fagleg ressurs for anna helsepersonell, pasientar og pårørande.
Bidra inn i planlegging og utvikling av tenestene i samarbeid med leiinga i institusjon, kommuneoverlegen og dei andre delane av legetenesten i kommuna og med spesialisthelsetjenesten.
Samhandling med eksterne aktører som kommuneoverlege, legevakt, fastlegar og spesialisthelseteneste.
Sjukeheimslegen har ei sentral rolle, med støtte frå fastlege i kommunal bistilling og LIS1 som deltek i legearbeidet ved sjukeheimen.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege.
Spesialist innan allmennmedisin eller anna relevant spesialisering er ønskjeleg.
Legar med anna relevant kompetanse vil også bli vurdert.
Erfaring fra sjukehus eller kommunehelseteneste og interesse for sjukeheimsmedisin.
Søkjarar må ha gode kommunikasjons - og samarbeidsevner, samt god norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne.
Gode IKT kunnskapar (Gerica journalsystem).
Gode norskkunnskapar skriftlig og muntleg.
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner i møte med pasientar, pårørande og tilsette
Fagleg sterk og god til å dele kunnskapen med andre
Fleksibel, målretta og løysingsorientert
Evner å motivere andre og skape engasjement
Tillitvekkende, påliteleg og ærleg
Opptatt av pasientsikkerheit
Personlige eigenskapar vektleggast i stor grad.
Vi tilbyr
Eit godt fagleg miljø
Moglegheit for godkjenning som "annen allmennmedisinsk teneste" i ALIS forløp. Kommunen stiller med veileder
Ein arbeidsplass som satsar på fag, kompetanse og kvalitetsutvikling
Ei stilling der du har handlingsrom til å vere med og påverke utvikling og innhald i tenestene
Velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsvilkår
Løn etter avtale
Tilsetjing skjer på dei vilkår og plikter som går fram av utlysninga, og dei lovene, reglementa og tariffavtalene som til eikvar tid gjeld.
Opplysningar om søkjarar vert gjort offentleg etter offentligloven § 25. Du må gi ei grunngjeving dersom du ynskjer å reservere deg frå å stå på offentleg søkjarliste. Du får melding dersom reservasjonen ikkje vert teken til følgje.
For tilsette som yter tenester etter helse- og omsorgstenestelova må det foreligge tilfredsstillande politiattest.
Kontaktinformasjon
Steffen Myklebust, Kommuneoverlege, +47 97084375Arbeidsstad
Stormyra 66100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5157085102
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026