3. års sjukepleiarstudentar
Om stillingen
Vi søkjer 3. års sjukepleiestudentar til inntil 25% mellombels stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027.
Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjend sjukepleiar i 100% stilling.
Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027. Eiin må vise til relevant erfaring frå tidlegare eller gjennomført minimum første sjukehuspraksis.
Helse Førde tilbyr bonusordning for arbeid kvar tredje helg frå hausten 2026 til sommaren 2027, samt for fem veker arbeid sommaren 2027. Bonusordninga blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har bonusen vore på kr 25.000,-.
Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell avdeling
Stillingsstorleik: 16 - 25 %
Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*). Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar:
Lærdal
- Medisinsk sengepost, Marit Fossheim Ottersen- (47) 970 10 819 (*)
Nordfjord
- Medisinsk sengepost, Maria Charlotta Berg Langvik - (47) 416 48 264 (*)
Førde
- Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970 (*)
- Medisinsk sengepost 2, Anne Mari Indrebø - ( 47) 57839411 / 90920435(*) -
- Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid - (47) 99602854 (*)
- Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid - (47) 99293641
- Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376 (*)
Vi ber om at du opplyser i søknaden kva avdeling du ønskjer å arbeide ved. Dersom du er interessert i fleire avdelingar, ber vi deg prioriter desse i ønskt rekkefølgje.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta oppgåver som assistent inntil autorisert sjukepleiar
- Jobbe som autorisert sjukepleiar sommaren 2027 dersom det er ønskjeleg
Kvalifikasjonar
- 3.års sjukepleiarstudent
- Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel
- Takle tidvis høgt temp
- Vere engasjert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Kr 25.000,- ved binding sommaren 2027
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein lærerik og utviklande arbeidsstad
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Får starte sjukepleiarkarriera på ein arbeidsstad ein allereie er kjent
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktinformasjon ovanforArbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5170382922
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.09.2026