Barnehagelærar

Ulsteinvik, Ulstein
Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-06
Publisert:
2026-08-21

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Ulstein kommune har fire kommunale barnehagar; Høddvoll barnehage, Sundgotmarka barnehage, Sætra barnehage og Almejordet barnehage. Almejordet og Sætra barnehage skal etter planen flyttast og slåast saman til ny barnehage på Skeide frå barnehageåret 2027/2028. Her kan du lese meir om barnehagane.
Vi vil frå desember ha ledig stilling som barnehagelærar i Sætra barnehage.

Vi er på jakt etter ein topp motivert, engasjert og kvalitetsbevisst barnehagelærar som kan legge til rette for leik og trygge relasjonar.

Barnehagane arbeidar med uteliv og inkluderande barnehagemiljø, der gode naturopplevingar og alternativ kommunikasjon (ASK) er sentrale deler av kvardagen. Dei tilsette arbeidar ut frå tanken om at barna skal vere i sentrum, og at barn er verdifulle, kompetente og sosiale. 

Oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med andre tilsette
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og barnegrupper
  • Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid
  • Samhandling med andre instansar
  • Medverke til godt foreldresamarbeid
  • Ha kunnskap og handlingskompetanse om barnas leik, leikemiljø og kunne delta og rettleie barn i leik
  • Gjennomføre og delta i avdelingsmøte, personalmøte, foreldremøte, utviklingssamtalar m.m.
  • Rettleie kollegaer for å fremme eit godt leike- og læringsmiljø med fokus på gode relasjonar

Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar
  • God relasjons- og leikekompetanse
  • God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter
  • Gode leiareigenskapar med evne til å jobbe sjølvstendig og bygge gode lag rundt barna

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunekasjon- og samarbeidsevne
  • Løysingsorientert
  • Autoritativ
  • God motivator
  • Evne til å vere strukturert og handtere fleire oppgåver samtidig

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen:
Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra
  • Autonomi
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ

    Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter barnehagelova §19
 

Kontaktinformasjon

Karoline Møller , Styrar Sætra barnehage , 98845843, [email protected]

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Referansenr.: 5165511567
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen