Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO

Oppvekst og kulturetaten Ulsteinvik , Ulstein , Møre og Romsdal , Sjøgata 63 , 6065 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-08-13

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Ulstein kommune har fire grunnskular. Her kan du lese om skulane.

Ulsteinvik barneskule har ledige stillingar som fagarbeidar/assistent i skule- og SFO-tilbodet. Stillingane som er ledige no er faste stillingar.

Det kan også bli ledige stillingar på andre skular. Omfanget vil vere avhengig av eventuelle oppseiingar, permisjonar, interne overføringar og tildelte ressursar.

Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.


Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen, både fagleg og sosialt, i undervisningssituasjonar, friminutt og på SFO
  • Vere aktivt saman med elevane, og kunne organisere og sette i gong leik og aktivitetar med elevgrupper
  • Bidra til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane
  • Samarbeide med føresette
  • Samarbeide tett med lærarar, fagarbeidarar og leiinga ved skulen 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Erfaring frå arbeid i skulen eller anna arbeid med barn og unge
  • Søkjarar utan fagbrev med relevant praksis kan bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Du har eit positivt barnesyn og eit blikk for barnet sine gode sider og styrker
  • Du evnar å etablere gode relasjonar til barn/ungdom og er ein tydeleg vaksen
  • Du er trygg, omsorgsfull og har godt humør
  • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette, kollegaer og leiing
  • Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du har høg arbeidskapasitet og bidreg aktivt til et godt arbeidsmiljø


    Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

    Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

 

Kontaktinformasjon

Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Referansenr.: 5164476994
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV