Miljøterapeut

Sted
Norheimsund, Kvam
Stillingstype
Vikariat / Deltid
Søknadsfrist
2026-09-13 · Omtrent 2 uker igjen
Publisert
2026-08-26

Om stillingen

Vil du bli vår nye kollega?
Ledig 90% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar 

Ledig frå snarast og ut februar 2027 med moglegheit for forlenging.  Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg. 
 
Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet;  til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre. 

Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
  • Ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer 
  • Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak  
  • I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging og arbeid med indivduell plan  

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement

  • Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukeleiar
  • Du må ha relevant arbeidserfaring
  • Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

 

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Trygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar
  • God relasjonsevne
  • Ha ei genuin interesse for fagfeltet
  • Kunna jobba sjølvstendig
  • Trivst med kombinasjonen av administrative oppgåver og praktisk miljøarbeid
  • Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre

Me tilbyr

  • Fagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) 
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Thale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +47 941 71 804

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5168585990
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Søknadsfrist: 13.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen