Ergoterapeut 100% vikariat
Omtrent én uke igjen
Om stillingen
Stranda kommune har ledig 100% vikariat som ergoterapeut frå snarast til 31.12.26, med moglegheit for forlenging.
Ergoterapeut og fysioterapeut har eit tett samarbeid og er samlokaliserte.
Kontorstad er både ved helsestasjonen og ved Stranda omsorgssenter.
Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. Månad for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er
registrert der.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn tre månadar.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge og vurdere funksjonsevna både hjå personar som er heimebuande og på institusjon.
- Kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak for personar som er heimebuande og på institusjon.
- Rettleie og bistå brukarar i alle aldersgrupper, som av ulike årsaker har eller står i fare for å få funksjonsnedsetjing
- Delta i tverrfageleg arbeid for å gi eit heilskapleg tilbod til brukaren/pasienten.
- Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
- Rettleie både kollegaer, pasientar og pårørande.
- Dagleg ansvar for fagleg forsvarlig oppfølging av pasientane.
- Samarbeide med andre aktuelle tenester og verksemder
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som ergoterapeut
- Erfaring som ergoterapeut frå kommunehelsetenesta
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Gode evner til tverrfagleg samarbeid
- Fagleg engasjert
- Strukturert, fleksibel og omgjengeleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og varierte arbeidskvardag som du kan vere med å utvikle og ette ditt preg på
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Nedbetaling av studielån dersom du bur i Stranda kommune
Kontaktinformasjon
Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5163646483
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 25.08.2026
Datakilde: Data hentet fra NAV