Musikk- og Kulturskulelærar 100%

Sted
Hovden i Setesdal, Bykle
Stillingstype
Fast / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-03 · Omtrent én uke igjen
Publisert
2026-08-20

Om stillingen

Brenn du for kultur, samspel og eit skikkeleg godt arbeidsmiljø?

No har vi ei unik 100 % kulturstilling ledig!

Bykle kulturskule er ein liten, men svært aktiv og pulserande kulturskule. Hos oss er vi ikkje berre ein skule; vi er eit viktig musikk- og kompetansesenter for heile bygda.  No ser vi etter ny musikk- og kulturskulelærarar som vil vere med på laget vårt.

Hos oss får kvar enkelt medarbeidar det spelerommet som skal til for å skape magi, både i og utanfor kulturskulen. Vi har eit arbeidsmiljø med stor takhøgd, der det er rom for å forme eigen arbeidskvardag og ta aktivt del i å utvikle kulturlivet i kommunen

Eit bankande hjarte for samspel:
Vi har fire lærarstillingar der alle jobbar sjølvstendig med sin spisskompetanse, men det er når vi speler saman at det verkeleg svingar! Samspel og tverrfagleg samarbeid er ei heilt essensiell brikke i undervisninga og i tilbodet vårt. Under eininga Kultur og fritid ligg Bykle kulturskule, bibliotek, Ung Kultur, frivilligsentral og kulturhus.

Vi ser etter deg som vil vere ein engasjert pådrivar i laget, slik at elevane våre får oppleve gleda av å skape noko stort i fellesskap.


Arbeidsoppgaver

Undervisning og formidling

  • Gjennomføre individuell instrumentopplæring og gruppeundervisning/band i kulturskulen (særleg ynskjeleg med kompetanse innan gitar, bass eller slagverk)
  • Ha musikkundervisning i barne- og ungdomsskulen
  • Lede musikkleik i barnehagane og/eller på SFO/skulen
  • Bidra med anna undervisning ut ifrå din kompetanse, for å skape breidde i tilbodet vårt.

Arrangement og utvikling

  • Ha rolla som konsertplanleggar for kulturskulen sine arrangement
  • Vere lydteknikar ved mindre arrangement for kultur og skule
  • Bidra med praktisk arbeid og rekruttering inn mot UKM
  • Ta eigarskap til og vidareutvikle kulturskulen sitt samla tilbod, både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer

Ungdomsarbeid og anna

  • Ta del i fritidsklubben for mellomtrinn og ungdomsskule, der du brukar band og musikk for å engasjere og skape aktivitet.
  • Andre relevante oppgåver delegert frå leiar kan kome.

Kvalifikasjoner

  • Minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Gode faglege og pedagogiske evner.
  • Eit ekte hjarte for målgruppa: Du må trivast med, og ha ei genuin interesse for å jobbe for og med barn og unge. Erfaring frå slikt arbeid tel positivt.
  • Trygg på bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Tydeleg og god kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil (dette er eit absolutt krav for stillinga på grunn av køyring mellom undervisningsstadane).
  • Godkjend politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, må leggjast fram før tiltreding.

Personlige egenskaper

  • Har stort engasjement for elevane si læring og utvikling
  • Skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og byggjer lett relasjonar
  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og med god gjennomføringskraft
  • Er nysgjerrig, løysingsorientert og trivst med utvikling

 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar for stillinga

Vi tilbyr

  • Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år 
  • Hjelp til å skaffe bustad dersom det er behov.
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeidstid dagtid, ettermiddag/kveld, samt sporadisk kveld- og helgearbeid ved konsert/arrangement
  • Ein arbeidsplass der du får reell påverknadskraft til å utvikle kulturtilbodet, med hovudvekt på barn og unge i alderen 6–16 år.
  • Kulturskulen er ein integrert del av eininga Kultur og fritid. Du vil jobbe tett saman med ungdomsarbeidarar, Ung Kultur, frivilligsentral og bibliotek.
  • Aktiv deltaking i ungdomsmiljøet: Ein spennande del av stillinga di vil vere å ta del i arbeidet på klubben vår for mellomtrinnet og ungdomsskulen, der du får moglegheit til å byggje gode og trygge relasjonar til dei unge på ein uformell arena.
  • Gode fasilitetar med undervisning både på Hovden og i Bykle. Gjennom Bykle Samfunnshus og Hovden Grendehus har vi tilgang til flotte scenar med profesjonelt lyd- og lysutstyr.
  • Eit raust og inkluderande fellesskap som heiar på kvarandre! Eit trygt, varmt og godt arbeidsmiljø står øvst på prioriteringslista vår.
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand
  • Nærleik til flott natur og gode fritidstilbod i kommunen.
  • Bykle kommune har full barnehage/SFO dekning med inntak heile året.

Kontaktinformasjon

Helga Jacobsen, Tjenesteleder, 45273218

Arbeidssted

Skulevegen 19
4755 Hovden

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 5167304673
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen