Kyrkjeverje/dagleg leiar fellesråd

Tokke Kyrkjelege Fellesråd Dalen , Tokke , Telemark , Storvegen 60 , 3880 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-01
Publisert:
2026-06-25

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

2. gangs utlysning

Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og 5 gravplassar. Det er to sokn i Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket.

Hva vi ser etter
Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga.Det vil bli lagt vekt på engasjement og samarbeidsevne, relevant høgare utdanning og personlege eigenskapar. Du må væra medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil.Tokke kommune er i hjartet av Telemark, med fantastisk klima og natur og er kjent for levande grender, Telemarkkanalen og Dalen Hotel. Vi har Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, hyggjelege bustadpriser og kulturskule med variert tilbod for store og små. Vi har mange tilbod for dei som er glade i jakt, fiske og friluftsliv. I Tokke har vi aktive idrettslag som har breie tilbod både sumar og vinter.Fellesrådet har sunn økonomi og eit godt samarbeid med kommunen. Eit samarbeid som det vert viktig å halde vedlike. I tillegg til rammeoverføring drift og investering har fellesrådet ein tenesteytingsavtale med kommunen der kommunen syter for rekneskapsføring, lønskøyring, kontorlokale, server, sentralbord, Office-pakke, IT-tenester, samt eigne verkstedslokale for gravplassforvaltninga.Du må ha gyldig politiattest.CV og referanser sendast saman med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold.

Arbeidsoppgaver
Drift av kyrkjekontoret i TokkeAnsvar for drift og forvalting av kyrkjebygg og gravplassar, herunder internkontroll og HMSPersonalansvar for dei tilsette i fellesrådet.Budsjett, løn- og rekneskapsansvarSekretær og sakshandsamar for Tokke kyrkjelege fellesrådRepresentere kyrkja i møte med andre kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, kommunal administrasjon, media og andreSamarbeid med prestetenestaSøkjar må vera innstilt på at arbeidsoppgåver kan bli endra

Vi tilbyr
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåverGode kontorlokalar i kommunehuset i TokkePensjonsordning gjennom KLPTilsetting og løn etter KA sitt avtaleverk

Datakilde: Data hentet fra NAV